Vil du vera med og bidra i vårt viktige samsfunnsoppdrag?

Miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut

Om stillingane

Telemark og Vestfold ungdomshjem, avdeling Miljøheimen, søkjer etter miljøterapeutar / spesialutdanna miljøterapeutar.

På Miljøheimen er me på andre året inne i ein spanande periode med implementering av Omsorgs- og endringsmodellen. Dette inneber eit standardisert forløp i omsorgsinstitusjonane. Alle fast tilsette må forplikte seg til eit opplæringsløp i Omsorgs- og endringsmodellen/Dialektisk atferdsterapi (DBT) som er eit berande prinsipp for det metodiske arbeidet. Som ein del av vår traumebevisste tilnærming og forståelsesramme ynskjer me å legge til rette for at ungdommane på ein meir effektiv måte kan tileigne seg hensiktsmessige ferdigheiter og strategiar for å meistre livet sitt. Gjennom manualstyrte grupper arbeider me saman med ungdommane med emosjonsregulering gjennom mindfulness (oppmerksamt nærvær), trening på mellommenneskelege ferdigheiter og forståing av kva som ligg bak uhensiktsmessige uttrykk og atferd. Traumebevisst omsorg (TBO) som forståelsesramme kjem til syne i måten me møter ungdommane på. Kunnskap om samansatte vanskar og komplekse traumer vesentleg i målgruppa vi jobbar med. På grunn av personalsamansetning oppmodar vi menn til å søkje.

Me har ledig 2 x 100 % fast stilling i turnus, dag / kveld / natt. Stillingane er ledig frå 01.09.21. Arbeidet er etter einkvar tids gjeldande turnus. For 100 % stillingar er turnusen p.t. tredelt med arbeid kvar fjerde helg. For 75 % stilling natt er turnusen p.t. med arbeid kvar tredje helg. Det takast forbehald om endring av arbeidsoppgåver og turnus ved organisatoriske endringar. Ved tilsetting internt vil det kunne bli ledig andre stillingar.

Kva får du jobbe med hos oss?

  • Utgreiing og kartleggingsarbeid med standardiserte verktøy.
  • Utøve god omsorg og grensesetting ut frå eit traumebevisst perspektiv.
  • Lojalitet til avdelinga si tilnærming, metode og prinsipp.
  • Deltaking i fagleg arbeid og utvikling.
  • Sette seg inn i, og holde seg oppdatert på målsettingar, tiltak, planar og rutiner.
  • Familie- og nettverksarbeid.
  • Deltaking i ferdigheitsgrupper.
  • Miljøterapeutisk arbeid.
  • Praktisk arbeid i avdelinga.

Kva slags bakgrunn har du?

  • Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng. For tilsetting i SKO 1494, 1495 og 1508 krevast fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar. 
  • Sykepleiar med vidareutdanning i psykisk helse, lærar med spesialpedagogikk og andre med annan relevant 3-årig høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning i familiearbeid. Erfaring innan institusjonsarbeid med ungdom eller anna relevant helse- eller sosialfagleg arbeid.
  • Studenter med minimum 2-årig relevant utdanning, med fullført minst 90 stp., er også velkommen til å søkje. 
  • Førarkort klasse B.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Gode skriftlege og muntlege norskferdigheiter.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Kven søkjer vi?

  • Du likar å arbeide i team, der miljøterapi er hovudfokus.
  • Du har evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig, målretta og løysingsfokusert.
  • Du har god evne til å kommunisere både med ungdom og vaksne.
  • Du har evne til å motivere medarbeidarar og ungdommar.
  • Du er i stand til å ta i mot veiledning.
  • Du er i stand til å handtere situasjonar med stress.
  • Du har evne til omsorg og empati.

Me tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kode 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog i LR 18, alt. 5-11, p.t. kr 468 300 – 574 700 pr. år (ltr. 51-63) eller stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleiar i LR 15, alt. 5-11, p.t. kr 396 900 – 534 400 pr. år (ltr. 40-59). For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut krevast relevant vidareutdanning minimum 60 studiepoeng. Studentar under høgskoleutdanning med fullført minimum 90 stp, med løn som 1488 miljøterapeut, LR 17 alt. 3-11, p.t. kr 364 800 – 468 300 pr. år (ltr. 33-51). Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vårt menneskesyn kjem til syne ved at

  • Me tror på at alle menneske har like stor verdi og er like verdifulle.
  • Vår oppgåve blir å tåle den enkeltes atferdsuttrykk, romme det enkelte individet og bidra til deira vekst igjennom positiv endring og utvikling.
  • Me møter mennesket der det er.
  • Me har eit grunnleggjande positivt menneskesyn.
  • Me har tru på at kvart enkelt menneske er unikt og må møtast ut frå eigne behov.
  • Me har tru på at mennesket fyrst og fremst er ekspert på seg sjølv og har ibuande ressursar som kan bidra til positiv endring.
  • Me trur at mennesket utviklar seg i samspel med omgivelsane sine.
  • Me trur at mennesket må vera deltakar i eige liv.

Til deg som søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgavene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmoder vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Telemark og Vestfold ungdomshjem, avd. Miljøheimen.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetjing, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Hjørdis R. Saupstad, mobil: 466 18 245 eller epost: hjordisr.saupstad@bufetat.no 

Miljøterapeut/stedfortredar Tom Erik Homme, mobil: 466 18 251 eller epost: tom-erik.homme@bufetat.no

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit lastes opp i jobbnorge.

Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Agder, Vestfold og Telemark samt tidligare Buskerud fylke. Regionkontoret ligg i Tønsberg.

Bufetat Telemark og Vestfold ungdomshjem har administrasjonsstad i Tønsberg. Enheten består av 2 institusjonsavdelinger med 12 heildøgnsplassar og 36 tilsette. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som er plassert etter Lov om barneverntjenester. Eininga legg vekt på samarbeid med og involvering av ungdommen og familien deira. Avdeling Miljøheimen er en barnevernsinstitusjon med 6 plasser, og er lokalisert i Åmot, Vinje kommune.

Søknadsfrist

26. september 2021

Kommune

Vinje

Omfang

Heiltid (2 stillingar)

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Åmot i Vinje

Miljøterapeut – Bufetat – Jobbnorge – ID211119