Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Bli med i Lerum som Fabrikkdirektør: Form dei fremste frukt- og bærvarene
Er du ein erfaren fabrikkleiar som ønskjer å vere med på å forme framtida til ei historisk bedrift? Då er dette eit unikt høve. Lerum, eit namn som har vore synonymt med saft, syltetøy og fruktjus sidan 1907, inviterer deg til å bli vår neste fabrikkdirektør.
Rolla:
Vi søker no ein dyktig Fabrikkdirektør som vil ha ansvar for å drive fabrikken kostnadseffektivt og lønnsamt, samtidig som vi ønskjer å auke vår marknadsandel ved å levere produkt av høg kvalitet til rett tid.
Som Fabrikkdirektør vil du ha ei sentral rolle i Lerum si leiargruppe. Du vil ha ansvar for å planlegge og drifte produksjon, lager og laboratorium, samt sørge for optimal drift og kvalitetssikring i fabrikken. Videre vil du leie og utvikle fabrikktilsette, implementere innovative løysingar og kontinuerleg forbetre produksjonsprosessar.
Vi ser etter ein leiar med solid erfaring frå industriell leiing, god forretnings- og prosessforståing og evne til å levere resultat i tråd med organisasjonen sine mål. Du bør ha erfaring med implementering av kvalitetssystem, logistikksystem og driftsoptimalisering, samt evne til å identifisere og løyse problem effektivt. Du er ein god og erfaren relasjonsbyggar som får til god samhandling på tvers slik at laget skapar resultat saman.
Viss du er analytisk, strukturert, resultat- og teamorientert, samt har ei teknisk utdanning, eller kan kompensere med relevant erfaring, så er du kanskje vår neste Fabrikkdirektør.
Stad: Sogndal – der natur møter innovasjon
Vi held til i Sogndal, kjent som Saftbygda, ei vakker bygd der natur møter innovasjon. Dette området er ikkje berre kjent for høge fjell, djupe fjordar og rike friluftslivsmoglegheiter, men også for eit blomstrande innovasjonsmiljø. Sogn er ein region som dedikerer seg til frukt- og bærdyrking, og vi tek vår plass som ei samfunnsengasjert hjørnesteinsbedrift i vekstkommunen Sogndal.
Kvifor Lerum:
Bli ein del av ein familie som vektlegg verdiane ekte, stolt, ærleg og engasjert. Hjå Lerum er vi stolte over å vere ein del av ei lang historie, og samtidig ser vi alltid framover. Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass. Alle tilsette i Lerum har ei viktig rolle for at vi saman klarer å skape eit godt resultat. I Lerum kallar vi det å gjere kvarandre gode. Det er våre tilsette som skapar og held vedlike vår konkurransefordel.
Vi har nettopp lansert ein ny strategi der berekraft er fundamentalt for alt vi gjer. Vi trur det er betre å ha ein berekraftig forretningsstrategi enn ein berekraftsstrategi.
Klar til å setje ditt preg? Søk i dag og bli ein del av Lerumfamilien!
Dersom du er ein fabrikkleiar som er klar til å gjere innrykk i verda av frukt og bær, då er Lerum staden for deg. Vi ser fram til å høyre frå deg, og vi oppmodar deg til å søke i dag og bli ein del av vår historie, kultur og vår framtid.
Det er Boyden Isco som handterer rekrutteringsprosessen og er tilgjengelege for å svare på eventuelle spørsmål du måtte ha. Kontaktinformasjon: Line Hilmersen, tlf: 934 86 223, Jostein Hjellegjerde, tlf: 911 21 217
Du kan også kontakte adm. direktør Trine Lerum Hjellhaug, tlf: 975 45 091
Send søknad og CV via Boyden nettsida gjennom “søk her” innen 21. mai.
Lerum er eit familiedrive selskap med djupe røter i norsk historie. Sidan 1907 har vi laga saft, syltetøy og fruktjus til norske forbrukarar. Denne arven er noko vi held nær hjartet, og vi er stolte over å ha vore med på å glede og forsyne generasjonar av norske familiar med våre smakfulle produkt.
I dag, over 117 år seinare, held vi fram med å vere ei hjørnesteinsbedrift med attraktive arbeidsplassar i Sogn. Familien vår har ført denne reisa vidare gjennom fire generasjonar, og i 2005 tok fjerde generasjon over eigarskapet. Vi arbeider kvar dag for å møte morgondagens utfordringar i lag med våre dyktige tilsette.
Vi ser på frukt og bær som noko meir enn berre ingrediensar – dei er hjartet og sjela i alt vi gjer. Våre produkt er resultatet av år med erfaring, kombinert med moderne teknologi og innsikt i marknaden. Vi er forankra i norsk tradisjon, men alltid driven mot innovasjon og endring i tråd med marknadstrendar og forbrukarbehov. Kvalitet står alltid i sentrum. Vi skal lage verdas beste smak av frukt og bær.