Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å automatisere prosessar og digitalisere verksemda. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i denne satsinga. For å drive dette viktige arbeidet vidare søkjer vi ein utviklingsorientert og handlekraftig leiar for rekneskap.
Vestland fylkeskommune står framfor ein større prosess der vi skal kjøpe inn og implementere eit integrert system for løn, rekneskap og økonomistyring. Eit viktig mål med det nye systemet er å forenkle og digitalisere drifta vår ytterlegare. Som leiar for rekneskap vil du vere sentral i arbeidet med heile anskaffingsprosessen og sjølve innføringa av det nye systemet i organisasjonen. I dette arbeidet vil du samarbeide tett med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og ikt.
Som leiar for rekneskap får du personalansvar for 17 erfarne medarbeidarar på Leikanger og i Bergen. Å vidareutvikle det rekneskapsfaglege kompetansemiljøet vert ei viktig oppgåve i stillinga. Den faste kontorstaden din vil vere på Leikanger, men du må vere innstilt på noko reising sjølv om mykje av samhandlinga i organisasjonen skjer digitalt. Du vil rapportere til seksjonsleiar for økonomi, som også har ansvar for å koordinere arbeidet med budsjett- og økonomistyring i fylkeskommunen.
Vi ønskjer oss ein drivande og tydeleg leiar, som identifiserer seg med verdigrunnlaget vårt som er kompetent, open og modig. Du trivst i samspel med andre og finn motivasjon i å utvikle medarbeidarane dine og oppnå resultat i fellesskap. Du har blikk for nye løysingar og sikrar god samhandling på tvers i organisasjonen. Du lyttar til andre sine synspunkt, men evner også å skjære gjennom og sikre framdrift.
Hos oss vil du få ein arbeidskvardag som vil utfordre deg i eit stort offentleg rekneskapsmiljø, samtidig som du vil få ansvaret for den digitale utviklinga av rekneskapsfunksjonen i Vestland fylkeskommune.
Høgare økonomisk utdanning, minimum på bachelor-nivå
Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd
Relevant leiarerfaring
God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system
Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel
Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg
Eit triveleg og fagleg interessant arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå dette, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.