Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Er du interessert i energispørsmål og ønskjer å jobbe med analysar av internasjonale marknader for Noregs viktigaste eksportvarer? Ønskjer du ein jobb som er analytisk utfordrande og som også er samfunnsengasjerande?
I Olje – og gassavdelinga/Seksjon for marknadsanalyse tilbyr vi no fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar.
Stillinga inneber mellom anna analyse av oljemarknadene og sal av olje. Ein viktig del av jobben vil vere knytt til arbeid i sekretariatet i Petroleumsprisrådet.
Seksjon for marknadsanalyse har ansvar for generelle marknadsspørsmål og analyse av marknadene for olje, gass og våtgass på kort og lang sikt. Vidare har seksjonen fagansvar for spørsmål knytt til staten sin avsetningspolitikk for olje, gass og våtgass. Seksjonen er sekretariat for Petroleumsprisrådet som set normpriser for olje frå norsk sokkel. Seksjonen har og ansvar for oppfølging av marknadsspørsmål for olje og gass internasjonalt, medrekna EU, IEA, IEF, GECF og kontakt med andre olje – og gassproduserande land.
Nødvendige kvalifikasjonar
Personlege eigenskaper
Vi søker deg som er nysgjerrig, analytisk, engasjert i samfunnet, resultatorientert og har gode samarbeidsevner.
Du er strukturert, initiativrik, sjølvstendig og hjelper til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Olje – og energidepartementet tilbyr eit kunnskapsrikt, triveleg og uformelt arbeidsmiljø. Det giast moglegheiter til å jobbe med aktuelle og sentrale saker, og ein får utfordrande oppgåver.
Stillinga vil gi eit stort ansvar og god innsikt i petroleumsverksemda, sentralforvaltninga, internasjonale energispørsmål og samspelet mellom politikk, økonomi, analyse og marknad.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Om du ønskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakte underdirektør Gro Anundskaas, tlf. 22 24 63 04/mob. 913 23 676 eller avdelingsdirektør Morten Anker, tlf. 22 24 62 46/mob. 922 18 426
Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje tilrette for ein samordna og helheitleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad vere spegla av mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetnad på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsformål