Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Vi søkjer ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar til arbeidet med trua natur. Stillinga inneber arbeid med å ta vare på trua artar og naturtypar basert på eit solid kunnskapsgrunnlag og samarbeid med andre sektorar. Ei viktig oppgåve vil være å gjennomføre oppfølgingsplan for den mest trua naturen, inkludert prioriterte tiltak knytt til 23 artar og 12 naturtypar.
Seksjon trua artar og naturtypar har i tillegg til arbeidet med trua natur ansvar for å koordinere arbeidet med verkemidla utvald naturtype (UN) og prioritert art (PA).
Seksjonen deltek i vidareutviklinga av ei økosystembasert forvaltning og har eit koordinerande ansvar for hovedøkosystemet kulturlandskap og ope lågland. Ansvaret for Miljødirektoratet si oppfølging av ei rekkje internasjonale konvensjonar og avtalar ligg også til seksjonen. Våre oppgåver gir oss både nasjonalt og internasjonalt perspektiv og eit allsidig og engasjert fagmiljø i arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Norge og globalt.
Seksjonen har 12 medarbeidarar, og er ein av fem seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Aina Holst på tlf. 99541921/aina.holst@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan òg rettast til HR-rådgivar Gunn Hilde Garte, tlf. 477 51 389 / gunn.hilde.garte@miljodir.no.
Spørsmål vil svarast på etter 9. august.
Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Last opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.
Merk søknaden: 38-2021 LTR
Søknadsfrist: 22. august 2021
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring.
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.