Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Vi søker ein dyktig person til å utvikle ein moderne internrevisjon som bidrar til at vi når måla våre og etterlever regelverk, eigarkrav og dei andre kvalitetskrava.
Vi ønsker deg med erfaring frå internrevisjon, verksemdstyring eller internkontroll som kan bygge opp internrevisjon hos oss og gjennom dette bidra til å forbetre og utvikle verksemda.
Som internrevisor vil du planlegge og gjennomføre interne revisjonar, koordinere og delta i revisjonsaktivitetar, utarbeide det årlege revisjonsprogrammet vårt og utvikle og vedlikehalde revisjonsmetodikken. Du vil gjennomføre både stadfestingsoppdrag og rådgivingsoppdrag, enten sjølv eller ved kjøp av revisjonstenester.
Du må ha
Det er også fint om du har
Vi legg stor vekt på personleg dugleik.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan autoriserast for AVGRENSA i samsvar med sikkerheitslova.
Stillinga er løna som seniorrådgivar med ei årsløn frå kr 573 900-935 300 avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.
Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Brønnøysund er ein hyggeleg liten kystby sør på Helgeland med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod, og har gode kommunikasjonsmoglegheiter nord- og sørover. Brønnøy kommune tilbyr gratis barnehageplass og SFO til tilflyttarar. Ordninga gjeld fram til 31.12.2023.
For deg som er glad i naturen er Brønnøysund ein perfekt base for å kome seg ut. Det er kort veg til flotte opplevingar på land, i fjellet og skjergarden. Det er to treningssenter i byen, fleire idrettslag og vi har Nordland sin største klatrehall. Her er det små restaurantar med god, kortreist mat og kaffibar med kunstutstilling for å nemne noko.
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen på Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med
fagdirektør Frode Åsmund Granås på tlf. 948 84 029.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no
Søknadsfrist: 12. mars 2023