Stillinga ligg til seksjon for idrett og friluftsliv.
Avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune skapar rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Vestland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet l gagn og glede for alle.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsfeltet er friluftslivet sine 4 A’ar: allemannsrett, areal, anlegg og aktivitet.
Dette inneber oppfølging av politikk og tiltak knytt til friluftsliv i dei to gjeldande kulturplanane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og i anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune.
Arbeidsoppgåvene vil m.a. vere:
- Bidra til nasjonal, regional og kommunal politikkutforming innan fagfeltet m.a. gi høyringsfråsegner, lage politiske saker og faglege presentasjonar.
- Samhandling med kommunar, regionale frivillige friluftsorganisasjonar og friluftsråd .
- Sakshandsame statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar innan fagfeltet.
- Bidra i prosjektet Plan for friluftslivets ferdselsårer (2019-2023)
- Bidra til statleg sikring av fleire friluftsområder og god forvaltning av desse (m.a. rettleie og godkjenne forvaltningsplanar for områda)
- Bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag m.a. kvalitetssikre og ajourføre Naturbase.no
- Gjennomføre konferansar og nettverkssamlingar
- Informasjonsarbeid om rettar og plikter knytt til allemannsretten
- Bidra i tverrfagleg samhandling om fagfeltet t.d. kulturminne, folkehelse, planarbeid og reiseliv.
- Andre oppgåver det er naturleg å leggje til stillinga.
Søkjar bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet.
Kvalifikasjonar
- relevant høgskuleutdanning på mastergradnivå (i særlege tilfelle kan dokumentert realkompetanse kompensere for krav om master)kompensere for krav om master)
- kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
- gode IT-kunnskapar
- kjennskap til planprosessar og relevante lovverk
Personlege eigenskapar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- ryddig, strukturert og nøyaktig
- evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
- stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- spanande tverrfagleg utfordringar i eit miljø i stadig utvikling
- eit stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- løn- og arbeidsvilkår etter avtale
- noko reising og ugunstig arbeidstid kan førekoma
- vanlege tilsetjingsvilkår for Vestland fylkeskommune.
Andre opplysningar
- frå bruttoløna vert det trekt 2% i pensjon.
- Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsmål og det vert gjeve opplæring om naudsynt.
- Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort.